Ikke publisert ennå

Etter ein litt vanskeleg start, blandt anna med snøkaos på Flesland, landa eg og tre andre på Kilimanjaro flyplass eit halvt døgn forseinka,dei andre turdeltakarane var komne kvelden før.Så då var det berre å få på seg fjellskoene og komma seg avgarde.

DSCF1012

 

Første dagen gjekk vi gjennom tett regnskog, seinare vart vegetasjonen tynnare og den forandra seg heile tida.Sort sett jevn stigning ,men litt bratte parti innimellom.

 

Me brukte 5 dagar før me kom fram til BASE CAMP,og var klare for toppstøtet.Det er viktig at kroppen får tid til å venja seg til høgden. Me brukte 7 timar på toppstøtet,gjekk om natta med hovudlykter, for å vera på toppen til soloppgang.Her gjekk stien på grus og stein,til tider ganske bratt. Eg var litt spent på korleis eg ville klara høgden,men det gjekk egentleg veldig fint utan serlege vanskar.Men eg kjende at eg var heilt i grenseland av det kroppen kunne klara.Gå veldig seint og jevnt, kvila ofte og drikka vatn,det har alt å seia.Men det var godt å kjenna at eg fekk nye krefter etter ein liten kvil. Sola rann kl.7.00, og då stod vi på toppen.Det var løn for strevet. Returen var også tøff, då var det ned 4500 høgdemeter på 1,5 døgn.Det kjendest i beina.

 

DSCF1037

 

Dei siste dagane av turen var me på safari i to forskjellige nasjonalparkar. Me kjørde rundt i spesialbygde bilar.Me var over store områder der me kom tett inn på elefantar, løver, sebra, gnu, nesehorn, flodhest, gaselle og ein del mindre dyr og fuglar.

DSCF1109

 

Siste dagen besøkte me ei stamme MASAIAR som levde veldig primitvt.Det var eit nomadefolk som hadde masse sauer, geiter og kveg som beita på savannen.

 

I det heile ein variert , spennande og utfordrande tur,moro å få prøvd seg på lik linje med dei som er 40 år yngre. 

 


Stjerne inaktivStjerne inaktivStjerne inaktivStjerne inaktivStjerne inaktiv