Webcam Brekke

webcam

Webcam Skjervet

webcam skjervet

Webcam Skykkjeset

Hendelser

Lars i Atlasfjella

TUR-REFERAT: ATLASFJELLA 20. SEPTEMBER 2014

Foto: Brynjulv Eide

 

Marokko Jarle Traa

 

Trykk på "Les Meir" for å sjå heile referatet !

 

SØNDAG 21. SEPTEMBER

Kl. 09:00

Turen er i gang! Gjengen landa i Marrakech i går kveld og den første opplevelsen av Marokko var at dei måtte stå to timar i passkø... kjedeleg! Me satsar på at resten av turen går på skinner, Marokko er stort sett eit enkelt land å reise i i forhold til mange andre land. Folket er gjestmilde og glade for å få turistar på besøk. Og Marokko er eit veldig variert land både kulturelt og geografisk. I dag skal dei utforska Marrakech. Sjølve fjellturen startar i morgon.

- Jarle

Kl. 17:30

Brynjulv melder om ei god natts søvn for alle. Etter frukost var det sightseeing i den spennande byen Marrakech, mens ettermiddagen var til fri benyttelse. Nokon utforska byen på eigen hånd mens andre utforska basenget på hotellet... Været er overskya og temperaturen behageleg, værmeldingane for dei neste dagane er også gode så det ser lovande ut når dei i morgon skal opp i sjølve Atlasfjella. Brynjulv beskriver gruppa som humørfylt, så dei vil nok få det hyggeleg saman framover. I kveld blir det middag på hotellet før dei går ein tur og ser på livet på markedsplassen Djemaa el Fnaa.

- Jarle

 

MANDAG 22. SEPTEMBER

Klar til start!

Atlasfjella Jarle Traa

 

TYSDAG 23. SEPTEMBER

Ein nydeleg dag med sol frå skyfri himmel. Brynjulv skriver at dei starta å gå kl. 09:30 og var framme i leiren kl. 16:00. Dagens etappe gjekk gjennom flott men goldt fjellterreng, og gjennom små berber-landsbyar langt oppe i fjella. Berbarane bur på vestsida av Atlasfjella, mens Touaregane bur på austsida, inn mot Sahara. Dei drakk te i eit av dei små tehusa dei gjekk forbi, og kokken diska opp med innhaldsrik og god lunsj. Brynjulv skriver også at elvane er svært store etter fleire dagar med regn. Men heldigvis ser værmeldingane bra ut framover no.

- Jarle

 

ONSDAG 24. SEPTEMBER

Gjengen fortsetter innover og oppover i fjella. Berbarane dyrkar frukt nede i dei fruktbare dalane og har store flokkar med sauer og geiter som dei gjetar oppe fjella. Geitene i dette området kan faktisk klatre i tre. Sjølvsagt for å få tak i den beste maten. I kveld bur dei i ein gite, eller fjellhytte/lodge. Den første natta budde dei i telt. Været er fortsatt strålande og stemninga er høg.

- Jarle

Atlasfjella Jarle Traa-2

 

Atlasfjella Jarle Traa-3

 

TORSDAG 25. SEPTEMBER

I dag gjekk dei over passet og ned til Imlil og vidare opp til Aroumd. Imlil er Atlasfjellas svar på Chamonix i Alpane - men kun i den forstand at det er den nærmaste landsbyen til dei alpine fjella med Jebel Toubkal som det aller høgaste. Ellers er det ikkje så mykje som minner om alpelandsby. Imlil er liten, og det er knapt nok ein butikk her. I morgon går dei inn til hytta som ligg ved foten av Jebel Toubkal. Brynjulv skriv at det ligg snø på toppane, det går mot vinter også i Nord-Afrika.

Atlasfjella Jarle Traa-4

 

FREDAG 26. SEPTEMBER

I eit par dagar har to av deltakarane fått føla litt på "New Dehli Quickstep" (laus mage). Men i dag var heldigvis alle tilbake i toppform, og det var god timing sidan toppstøtet er i morgon. Då går dei dei 1000 høgdemetrane frå hytta opp til toppen av Jebel Toubkal. Det er meir snø enn normalt, men det byr ikkje på problem - det har Brynjulv sjekka (han gjekk til topps etter lunsj i dag... altså etter at den normale dagsetappen var over!!).

Kryss fingrane for at alle kjem seg opp i morgon - det er ein kraftanstrengelse å nå toppen av Nord-Afrikas høgaste fjell.

- Jarle

 

LØRDAG 27. SEPTEMBER

Gledeleg melding frå Brynjulv:

Alle på toppen kl 09:45. Me brukte litt over 3 timer opp. Til dels hard snø store deler. Vinter! Storslått utsikt. Svært få andre som klarte å nå toppen idag grunna snøen.

Dei klarte det altså, til tross for ikkje heilt optimale forhold med mykje snø. Vanlegvis er det berre nokre snøfiller rundt toppen på denne tida av året. Stor prestasjon - gratulerer til alle! Bruk gjerne gjesteboka dersom du vil gratulere eller sende ei helsing.

- Jarle

Marokko Jarle Traa

 

SØNDAG 28. SEPTEMBER

No er dei vel installert på lodgen Dar Imlil, ein stad som nesten får tankane til å vandre til 1001 natt... Atmosfæren er unik, spesielt sidan utsikta frå takterassen er mot fjell på rundt 4000 meter. Fjellturen er no over, og eg forsto på ein melding frå Brynjulv tidlegare i dag at feiringa over ein vellykka tur alt er i gang. Houssine, Muhammed, kokken og alle hjelparane har hjort ein strålande jobb for gruppa vår. Utan dei kunne me ikkje arrangert denne turen. No drar nokon til kystbyen Essaouira for å nyta strandlivet i nokre dagar, mens andre returnerer til Norge i morgon sammen med Brynjulv. Takk for at du har fulgt med på denne sida den siste veka! (Men sjå gjerne innom att om nokre dagar - kanskje dukkar det opp nokre bilete frå turen).

- Jarle

 

 

Marokko Jarle Traa-2

 

 

Turblog 10 siste turer

Søk

Tur kalender

October 2017
Mo Tu We Th Fr Sa Su
25 26 27 28 29 30 1
2 3 4 5 6 7 8
9 10 11 12 13 14 15
16 17 18 19 20 21 22
23 24 25 26 27 28 29
30 31 1 2 3 4 5

hp 120x60b