Oppdatert 04.Desember.2012

Lars har reist på topptur i utlandet igjen. Denne gangen har han reist til Himalaya.

Turen går til Annapurna - Thorong La Pass. Han reiser med Høyfjellspesialisten.

 

800px-Annapurna from west 

 

 

Her er første statusmelding fra Lars: 26.November.2012:

Turen har gaatt veldig bra hittil.Kjorde med minibuss og jeep ut fraa Katmandu mandag,ein heil dag.Sidan har vi gaatt paa beina.Landskapet er heil utruleg,bratt og kronglete som heime,berre 10 gonger storre alt. Vegane er stort sett som elvefar,glad vi kom fraa kjoringa med liv og lemmer i behold. Sidan har det vore kortare og lengre dagsetappar.Er i Manang no,skal ha kviledag i morgon.3600 m oh her.Vi har Annapurna fjellkjeden mot sor.Flyg ut fraa Jomson sundag,vert resten i Katmandu.


Andre statusrapport: 02.desember.2012:

 

Hei.

 

Haapar at eg no kan faa sendt ein e-post.For eit par timar sidan var eg halvegs i meldinga,daa gjekk straumen,slik er det berre her. Me er no i ein by som heiter Pokara.kom hit med fly i formidag fraa Jomson.Avslutta fjellturen der i gaar (maandag).Turen har gaatt kjempefint,sol fraa klar himmel kvar dag. Litt kaldt om natta,men varmt i sola.Fraa passet( 5600 moh) og ned til Jomson, har vi gaatt i eit omraade av Nepal som heiter Mustang.Her er det nesten orkenaktig,tort og stovete. 

Utruleg.masse flott natur aa sjaa,og vi har kome tett inn paa lokalbefolkninga heile tida. 

Flyg vidare til Katmandu i morgon formiddag.Alle i gruppa har klart turen fint, eg er som vanleg den eldste. 

Klokka er no 21,45 her.Haapar denne meldinga kjem fram,har provd 4-5 gonger for,det meste virkar ikkje her. 

Haapar alt staar bra til.

 

Lars

 

Statusrapport 04.Desember.2012:

 

I dag har me sett oss rundt i byen, vi har ein minibuss med sjaafor disponibel.Vi har sett paa diverse tempel som det er rikeleg av.Men byen er eit kaos av bilar,motorsyklar,dyr og folk i gatene,og stovet og eksosen ligg som eit teppe overalt.

 

Vi besokte eit Hindutempel der dei brende lik paa elvebredden.Samtidig som det gjekk andre og leita paa elvebotnen etter gullplombar fraa tennene tll folk som var brende tidlegare---.

 

Saa det er utruleg masse aa sjaa no etter fjellturen og,men eg saknar etterkvart rein luft og vanleg norsk mat.

 

 

 

Masse helsingar fraa Lars

 

 

 

 


Stjerne inaktivStjerne inaktivStjerne inaktivStjerne inaktivStjerne inaktiv